No i helga var det undulat-utstilling i Haugesund, men dit kom eg meg desverre ikkje.
MEN, i oktober er det NM i regi av NUK og NTL, så klaffar alt for meg, har eg innmari lyst å ta turen, og ha med meg dei eg trur kan ver ok å få ei bedømming på.

??
Men, så er det det der med øving og forberedelsar då. Det kan eg minimalt om.
Det kan ver der er fleire som kan fatte interesse for utstilling etterkvart, så eg tenkte eg kan lage ein liten "føljetong" om kva eg gjer framover. Så håper eg at eg også kan få med gode råd og tips undervegs, når Anne gjer ting ho ikkje kan.
I dag henta eg ned 4 stk frå loftet, var på fuglefangst og putta 4 av dei eg har i tankane ( inntil vidare) i kassene. Det veit eg i allefall dei må trene på, slik dei blir trygge i kassa.
Dei var i kassene i ca 30 minutt, før slapp ut i volieret igjen, glad og lykkelig over det.
Tareq er ein veldig trygg og rolig fugl, ein eg likar veldig godt.
Første forsøk, sitt så fint at....og der satt han.
Lace er også ein eg kunne tenkt å ta med. Rimelig forvirra over "tullet" eg driv på med.
Så gjekk det ikkje all verda lenge før han inntok pinnen.
Rav. Hmmm, jaja, treng vel ikkje sei han var overlykkelig for å sleppe ut av kassa?? Noko "sitt fint" ville han i allefall ikkje.
Så har vi godaste Max då, som tok det heile med ro. Det tok litt tid før han snudde seg, når eg snakka med han, menmen, ikkje verst.
Ein av mine kjekkaste gutar dette.
Det er nok lurt at eg puttar dei i kassene, eit par tre gongar i veka vil eg tru.
Kanskje det også kan ver lurt å putte inn ein hirsebit til dei? Det likar dei i allefall godt, og kanskje dei lettare kan forbinde kassa med noko positivt??