Heisan.
Først av alt, så har du gjort ein kjempejobb med å få Ibsen så tillitsfull som har er blitt no. Det skal ein del til å greie det, når fuglen var såpass gammal når du kjøpte han.
Det er som regel ikkje noko problem å få inn fugl nr to. Det brukar som regel ikkje å gå særlig lang tid før dei "finn kvarandre".
Det er ganske naturlig at dei er litt meir oppteken av kvarandre enn deg, spesielt den første tida. Det kan ver eit lite hinder for temming av den nye. Samtidig, så har du kome ganske så langt med Ibsen, og du har i allefall erfart at tolmodigheit er ein del av temminga. Om du kan finne ein som er ung, uredd og nyskjerrig, så ser eg ikkje vekk i frå at det kan gå fint å få den nye tam.
Det vil naturlig nok bli meir kvitring med to stk, enn av ein. Om kvelden er det ikkje verre enn at blir dei for skravlete, så demper du lyset der buret står, om du kan det.
Eg kjenner til 3 stk som hr kull sånn i dann og vann. Den eine bor i Verdal, og er medlem her på forumet.
Der er ei på Ranheim, og så er der ei i Ottobyen.
Så vidt meg bekjend, er der ingen kull på gong hos nokon av dei akkurat no.