For nokre år tilbake satt eg med funderingar på kva definisjonen på engelske undulatar var og utstillingsundulatar og tok opp temaet her på forumet. Og ein del anna eg funderte på rundt det.
Da trudde eg at vi hadde australske, så havna nokon i «engelsk-båsen», og så hadde vi dei som var i «utstillingsundulat-båsen». Den gong kom det inn folk som har drive med utstillingsundulatar i mange år, og forklarte korleis det låg an.
No er her ikkje så mange igjen frå den tida eg tok dette opp og spurte, så blir litt nyskjerrig på korleis korleis deler dåkke inn fuglane? Om der er det?
Eg spør også pga eg får henvendelsar i dann og vann om ungar, om dei er «ekte engelsk, 100% engelsk» osv. Eg blir rett og slett usikker på kva som blir etterspurt og kva ligg i definisjonen/forventningar ein «engelsk»unge.
Eg burde selvfølgelig tenkt så langt at eg burde spurt den enkelte som tek kontakt, kva dei tenker og legg i det, men det har eg rett og slett ikkje kome på å gjer. Før no.
Uansett, det hadde vore veldig ok å vite litt kva folk legg i dei ulike begrepa og eventuelle inndelingar.