Siste besøk var: Dato/klokkeslett: 25 Mai 2018, 00:22


Tidssone UTC + 1 time




Opprett et nytt emne Svar på emnet  [ 1 innlegg ] 
Forfatter Melding
 Innleggets emne: Småtips til nye undulateigarar
InnleggSkrevet: 29 Apr 2014, 20:42 
Brukerens avatar

Registrert: 15 Mar 2010, 20:25
Innlegg: 18355
Bosted: Ålesund
Som ny undulateigar, har ein ofte mange ting ein lurer på, spesielt dei første dagane den nye fuglen er i hus.
Lista nedanfor er ikkje fullstendig og meint kun som ei lita rettesnor.

Bur;
Det er betre buret er langt og breitt framfor det er høgt og smalt.

Innredning;
Drikkeautomat, og gjerne også ein forkopp med vatn, spesielt om den nye fuglen er ein unge.

Matautomat/forkopp, helst innvendig i buret. Dei utvendige forkoppane som ofte er med buret, er kjekke for ungar å krype nedi. Det har skjedd at ungar har sett seg fast i dei.

Pinnar; Ein plastpinne i buret har ingenting å sei, men la buret ha fleire greiner/trepinnar i ulik tjukkelse. Dette er godt for muskulaturen i føttene, dei får ein naturlig sliping av klør og dei liker å gnage på greiner. Selje, bjørk, osp og rogn er trygge tresortar.

Leiker; Undulatar likar å aktivisere seg. Ha gjerne 4-5 ulike leiker i buret for variasjon. Ting dei kan rive og slite litt i, som også lagar lyd, f.eks. med ei bjelle på, brukar ofte å ver populært.
Ein spegel i buret set mange einefuglar pris på.

Mat; Det er opp til den enkelte om dei vel frø eller pellets som hovudfor. Pellets er tilvenningsmat. Undulatar motstår skjeldan hirse, men det er svært lite næring i hirse. Kalkstein og/eller mineralstein og sepiaskal bør ein også ha i buret.

Urter og grønnsaker er lurt å venne dei til frå dei kjem i hus. Sjå; viewtopic.php?f=18&t=140


Dei 2-3 første dagane etter den nye fuglen er komen i hus, vil svært mange sitte stille på pinnen. Det er lite lyd i dei og dei et og drikk lite.

Mange nye undulateigarar opplever dette som svært bekymringsfullt. Men, dette er ein heilt normal reaksjon for fuglen i overgangen til ein ny heim. Alt er nytt for den, og dei treng litt tid å «sondere terrenget» og gjer seg kjend.

La buret stå der du oppheld deg mest og prat mykje med den. Det kan ver lurt å gi den 2-3 dagar å bli litt kjend, før du slepp den ut av buret.

Les gjerne i andre trådar mht både bur/utstyr, helse, mat og temming for fleire tips. :)

_________________
Heimeside; https://www.facebook.com/pages/Annes-un ... 701?ref=hl


Topp
Avlogget Profil  
 
Vis innlegg fra forrige:  Sorter etter  
Opprett et nytt emne Svar på emnet  [ 1 innlegg ] 

Tidssone UTC + 1 time


Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest


Du kan ikke opprette nye emner i dette forumet
Du kan ikke skrive innlegg i dette forumet
Du kan ikke redigere dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp vedlegg til dette forumet

Søk etter:
Gå til forum:  
cron
Powered by phpBB © 2000, 2002, 2005, 2007 phpBB Group
Theme created StylerBB.net & kodeki
phpBB.no - Norsk phpBB-support